Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Reise-eSIM: Unngå dyre roamingkostnader

Kjøp mobildata før reisa og ha kontroll på kostnadene. Med eSIM slepp du uventa roamingkostnader og kjem raskt på nett når du er framme.

Kva er reise-eSIM?

eSIM er eit digitalt SIM-kort som gjer det enkelt å kome på nett i utlandet – utan å byte fysisk SIM-kort. Kjøp ein datapakke før avreise og ha kontroll på mobilkostnadene gjennom heile reisa.

Gjennom samarbeidet med Alphacomm tilbyr Avinor eSIM med førehandsbetalte datapakkar til ei rekkje land og regionar.

Meir om korleis eSIM fungerer

Kva for telefonar støttar eSIM?

Dei fleste nyare smarttelefonar som iPhone XR og nyare, Samsung Galaxy S20 og nyare og Google Pixel 4 og nyare støttar eSIM. Sjå fullstendig liste her. 

Korleis brukar du eSIM?

  • Vel enkelt din eSIM-pakke ved å velje destinasjon, reiselengd og dataplan. Hugs å sjekke at eininga er kompatibel.
  • Installer eSIM raskt via QR-kode eller manuell installasjon frå e-posten din. Aktiver når du er klar til å bruke eSIM-en.
  • Går du tom for data kan du enkelt kjøpe ein ny plan.