Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Pass og visum

Mange land krev ulik reisedokumentasjon. Som reisande er det ditt ansvar å sørgje for at dokumentasjonen er i orden.

  1. Reisedokumentasjonen er ditt ansvar

    Når du skal fly til utlandet, er det viktig å hugse at ulike land krev ulik reisedokumentasjon avhengig av mellom anna nasjonalitet, varigheit på reisa og anna opphald. Dette kan ha endra seg sidan sist du reiste, eller booka reisa, og det er ditt ansvar å sørgje for at alt er i orden. For å sjå kva krav som er gjeldande for din destinasjon kan du besøke regjeringa sine nettsider for reiseinformasjon.

    Regjeringen.no - Reiseinformasjon for utlandet
  2. Dokumentasjonskrav frå flyselskap og nasjonar

    Flyselskap kan nekte deg ombordstiging dersom dokumentasjonen din ikkje er i orden. Fleire land krev òg at du har returbillett ved innreise, og enkelte land kan krevje visum sjølv ved mellomlanding eller korte reisar. Sjå regjeringa sin nettstad for informasjon kring ditt reisemål.

    Regjeringen.no - Reiseinformasjon for utlandet
  3. Nødpass hjå Politiet og utvalde flyplassar

    Hvis du oppdagar at passet ditt er utløpt eller er forsvunne, kan naudpass vere eit alternativ. Naudpass er eit mellombels dokument - og ver merksam på at ikkje alle land godtek naudpass. Naudpass kan bli utferda ved Oslo og Stavanger lufthamn. For meir detaljar om naudpass, sjå politiets eigne heimesider.

    Politiet.no - Nødpass
  4. ESTA – Innreiseløyve til USA

    Nordmenn som reiser til USA må ha gyldig pass og ein elektronisk innreiseløyve kalla ESTA. Denne må vere godkjend før avreise. Du kan søkje om ESTA på nettsidene til amerikanske styresmakter. Dersom du er usikker på kva dokument som krevst, bør du kontakte flyselskapet ditt. Les meir på regjeringa sine eigne heimesider

    Regjeringen.no - ESTA-informasjon for reise til USA
  5. ETA – Innreiseløyve til Storbritannia

    Frå 2. april 2025 må norske statsborgarar ha digital innreiseløyve (ETA) for å reise til Storbritannia. Dette gjeld både ved direkte innreise og ved mellomlanding. Du søkjer om ETA via britiske styresmakter sine nettsider. Les meir på regjeringa sine eigne heimesider.

    Regjeringen.no - ETA-informasjon for reise til Storbritannia
  6. Entry/Exit System (EES)

    EU har innført eit nytt system for grensekontroll kalla Entry/Exit (EES). Det gjeld reisande frå land utanfor EU/EØS, og registrerer blant anna pass og biometriske data ved inn- og utreise til Schengenområdet. Målet er å gjere kontrollane meir effektive og hindre ulovleg opphald. Nordmenn og andre EU/EØS-borgarar er ikkje omfatta av systemet. For meir informasjon, sjå EU sine sider for reiseinformasjon eller politiet sine eigne heimesider.

    EU reiseinformasjon

Meir informasjon om naudpass på Oslo Lufthamn

Slik får du naudpass

Nødpass

Om du oppdagar at passet ditt er utløpt eller ikkje kan finnast, kan nødpass vere eit alternativ. Nødpass er eit mellombels oransje dokument som du kan søkje om hos politiet på flyplassen. Ver merksam på at ikkje alle land godtek nødpass. 

Nødpass kan utskrivast ved Oslo lufthamn, Stavanger lufthamn, og Bergen lufthamn.

For å få utskrive nødpass, treng du:

  • Dokumentasjon for reisa (tur/retur)
  • Gyldig legitimasjon
  • Eit passfoto i fargar
  • Betaling med kort eller kontantar (merk at kredittkort og Vipps ikkje blir godtekne)

Du kan òg få nødpass for barnet ditt. For å gjere dette, må du ha med gyldig legitimasjon for barnet eller barnets gamle pass, ditt eige pass, samt samtykke frå den andre forelderen om berre éin av foreldra er med på flyplassen.

Hugs å levere tilbake nødpasset når du kjem heim. For ytterlegare informasjon om nødpass, besøk politiet sine nettsider.

Kontaktpunkt for naudpass

På Oslo lufthamn vender du deg til publikumsvakta i ankomsthallen om du har behov for naudpass.

Vi er opne heile døgeret, alle dagar i året, men kan aldri garantere at nødpass blir ferdig i tide dersom det kjem mange søkjarar med kort frist før avreise.

I kortare tidsrom, særleg på natta og i høgsesong, kan det vere stengt. Det vil då ikkje bli utstedt naudpass.

Publikumsvakta finn du på kartet under som gul prikk 19 (Politi): 

kart over terminalbygningen ankomst med tilvisingar til forskjellige aktørar