Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Avidrone

Avidrone er Avinors nye droneapp som etter kvart vil erstatte appen Ninox Drone.

Droneappen Avidrone

Avidrone er Avinors nye droneapp som vil erstatta appen Ninox Drone.

I Avidrone får du som dronepilot ein god oversikt over forbodssoner for dronar, i tillegg til at du kan søkje om løyve til å fly innanfor forbodssona til fleire flyplassar direkte i droneappen. Avidrone gir deg som dronepilot også moglegheit til å leggje inn droneplanen din slik at flyginga di vert synleg også for andre dronepilotar i området.

Avidrone er ein heilt ny droneapp frå Avinor som framleis er under utvikling. Det vil etter kvart bli rulla ut fleire funksjonar i droneappen som skal gjere det enklare for deg som flyg drone.

Få oppdateringer rett i innboksen!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta relevant informasjon om Avidrone. 

Gjennom nyhetsbrevet vil vi holde deg som dronepilot oppdatert med nødvendig informasjon og relevante datoer frem mot lansering av Avidrone. Etter lansering vil du motta informasjon om oppdateringer, tips og råd, samt annen relevant informasjon knyttet til bruk av Avidrone.

Klikk her for å melde deg på nyhetsbrevet (ekstern lenke).

Dette kan du forvente i fyrste utgåve av Avidrone

Oversikt over luftrommet

Ei utfordring mange dronepilotar opplever er å halde oversikt over kva restriksjonar som gjeld i ulike luftrom. Avidrone skal bidra til å gjere dette meir forståeleg og brukarvennleg.

Flygetillatelsar

Avidrone gjev deg som dronepilot moglegheit til å søkje om løyve til å fly drone innanfor forbodssona på fem kilometer til ei rekkje flyplassar. Dette gjeld for følgjande flyplassar:

Oslo lufthamn, Bergen lufthamn, Trondheim lufthamn, Stavanger lufthamn, Bodø lufthamn, Tromsø lufthamn, Sandefjord lufthamn, Kristiansund lufthamn, Haugesund lufthamn, Alta lufthamn, Bardufoss lufthamn, Harstad/Narvik lufthamn, Kirkenes lufthamn, Andøya lufthamn, Lakselv lufthamn, Mo i Rana lufthamn, Ørsta/Volda lufthamn, Vadsø lufthamn, Sørkjosen lufthamn, Sandane lufthamn, Mosjøen lufthamn, Båtsfjord lufthamn.

Oversikt over luftrom

Avidrone vil gi brukarane eit betre situasjonsbilete av aktivitet i luftrommet gjennom å introdusere fleire overvakingskjelder. Dette for å auke tryggleiken til både dronepilotar og andre brukarar av luftrommet.  

Dette kan du forvente framover i Avidrone

Fleire flyløyve

Avidrone vil etter kvart utvidast til å gjelde for alle Avinors flyplassar. Det betyr at du ved alle Avinors 43 flyplassar vil kunne bruke Avidrone til å søkje om løyve til å fly innanfor forbodssona. 

Flygetillatelse frå andre myndigheiter

Avidrone vil etter kvart leggje til rette for at andre myndigheiter skal kunne gi løyve for droneflygingar i luftrom som dei er ansvarlege for, anten manuelt eller automatisk innanfor gitte kriterium.  

Eit trafikkstyringssystem bygd for framtida

Med ein solid auke av droneaktivitet kvart år vil det bli eit større behov for å ha oversikt over kven som flyg kvar, spesielt i område der det pågår mykje samstundes aktivitet. Det felleseuropeiske regelverket for U-space opnar for at det kan etablerast spesifikke luftrom der droneoperatørar og tenesteleverandørar må oppfylle konkrete krav for å operere. Avidrone skal leggje til rette for ei slik utvikling i luftfarten.  

Avidrone utsettes inntil videre

Avidrone, som etter planen skulle erstatte Ninox Drone fra 8. desember, er nå satt på pause på grunn av systemtekniske forhold som må utbedres før videre bruk. Appen er derfor tatt ned inntil dette er avklart. Ninox Drone vil videreføres inntil videre, og droneoperatører kan fortsatt bruke Ninox til å søke om tillatelse til flyging innenfor forbudssonen som normalt.